Telemarksviser

Buy this
  • kr 450,00 NOK

Folkesong i Telemark

Kari Lønnestad

Folkemusikkarkivet i Telemark

ISBN 978-82-92053-53-9

2012

I denne boka finn du songar frå folkesongtradisjonen i Telemark. Her er viser, stev, småstubbar, bånsullar, balladar og religiøse folketonar – ei variert samling av smått og stort frå mange kantar av fylket.

Boka inneheld notar, tekstar og kommentarar, og det er innlagt to cd`ar med opptak av alle melodiane, slik at dei skal vere lettare å lære. Det er Jon Anders Halvorsen, Ragnar Haugstøl, Anne Gravir Klykken, Kari Lønnestad, Øyonn Groven Myhren og Aasmund Nordstoga som har sunge inn nokre vers av kvar vise for denne utgjevinga. I tillegg inneheld boka ein kort presentasjon av songkjeldene, forfattarane og samlarane som er representerte. Utan dei ville vi ikkje hatt en så rik songskatt å ause av.

Det er Folkemusikkarkivet i Telemark som står bak denne utgjevinga, og utvalet er gjort av Kari Lønnestad. Ho har vore tilsett ved arkivet sidan det blei etablert i 1999 og har også mange år som folkesongar bak seg.