Olea Cröger - Lilja bære blomster i enge

Buy this
  • kr 400,00 NOK

Folkeminneoppskrifter frå Telemark i 1840-50 åra

Bokkassett med to bøker og CD

Utgjeve av Brynjulf Aker, Reimund Kvideland og Astrid Nora Ressem

Norsk folkeminnelag skrifter 112

ISBN 82-03-19015-4

2004

384 sider + 112 sider

Olea Crøger hadde planar om å gje ut ei tradisjonssamling frå Telemark, men lukkast aldri. I staden vart delar av samlingane hennar med i Landstads og Lindemanns bøker.

Denne samlinga inneheld alt materiale frå Crøger slik det har blitt leita fram frå arkiva.

Utgjevarane har mange å takke for hjelp. Pensjonert kyrkjeverje Helge Johnsen gjorde ei første avskrift av mange balladar. Ådel Blom stilte tekster til rådvelde. Takk til handskriftsamlinga og Norsk Musikksamling ved Nasjonalbiblioteket, Norsk Folkeminnesamling ved Institutt for kulturstudier, Universitetet i Oslo m. fl.

Vi takkar Norsk Kulturråd som gav ei løyving til arbeidet med notematerialet.