Frå tradisjonell klesskikk til bunad i Vest-Telemark

Buy this
  • kr 395,00 NOK

Aagot Noss

Instituttet foe sammenlignende kulturforsning

ISBN 82-7099-367-0

Framstillinga tek for seg og drøftar kvinnekleda i den tradisjonelle folkedraktskikken i Vest-Telemark, kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Tidsrommet er frå midten av 1600-talet fram til ca 1920. Klesskikken har vore i endring, sterkast frå og med 1880-åra då dei tradisjonelle kleda vart bytta ut med samtida sine klesmotar. Da utvikla bunaden seg. Han var avgrensa til fest- og høgtidsbruk og var og er eit minne som det som har vore.

Utgangspunktet og grunnlaget for framstillinga er forfattaren sitt feltarbeid i Vinje og Lårdal i 1960-åra.

Feltarbeidet er sett i samanheng med andre kjelder. Det er bilete i folkekunsten, kunstnarbilete og gamle fotografi. Hovudkjelda for perioden ca 1665 til omkring 1800 er skiftetilfanga. Elles er både prenta og uprenta kjelder nytta.