Folkeliv, husmenn og handel på Oterholt

Buy this
  • kr 150,00 NOK
100 % SSL Secure

Årsskrift nr. 6 – Bø lokalhistoriske arkiv.

Forfattar: Finn Rønning

Heilt frå Bø Museum etablerte seg i det gamle bygdesenteret på Oterholt i Bø tidleg på 1980-talet, har museet arbeid med å samle inn tradisjonsstoff og auke kunnskapen om nærområdet.

Tidleg på 1980-talet levde framleis fleire som kunne fortelje om korleis livet arta seg i «Tatergata» medan handelen gjekk livleg der.

Her vil vi særleg nemne Tor Bergland, Gunnar Nyhus, Tollev Holta og Tor Sisjord-Otterholt. Utan deira kunnskap og forteljarglede kunne knapt dette årsskriftet vore gjeve ut.

I heftet har vi valt å sette fokus på «Tatergata» og området rundt, der museet ligg i dag, og dei husmannsplassane det har vore mogeleg å finne fram til nytt stoff.