Fløyting i Eikjaelva i Bø og Lunde

Kjøp
  • kr 150,00 NOK

Eikjaelva strekker seg som ein sølvtråd gjennom eit variert landskap. Frå storskogane på Øverlandsheia til ope landskap ved Øteråa, som neaste delen heiter. På vegen lagar ho flotte smykke; Uvdals- Åse- og Norheimtjønnene.

Ho bind saman tre bygdelag – Seljord, Bø og Lunde. Ho har frakta millionar av tømmerstokkar som har gitt levebrød til både skogeigarar og dei som arbeidde med tømmeret.

I 1962 var det siste året for ei fleire hundreår gamal fløytingshistorie i Eikjaelva.

For fyrste gong kjem det her ei samla framstilling i bokform av denne historia. Boka er rikt illustrert.

Boknemnd har vore Klas Eika og Sveinung T. Børte. Forfattar er Finn Rønning, mangeårig styrar ved Bø Museum.

Årsskrift nr. 5 – Bø lokalhistoriske arkiv.