Blomar på livsvegen

Buy this
  • kr 90,00 NOK

Sina Sanda. Dikt, songar og prologar frå Bø i Telemark

Redaksjonsnemd: Gunhild Kinck, Gunhild Nordbø og Finn Rønning

Bø Bygdemuseum og Bø lokalhistoriske arkiv

ISBN 82-91041-02-4

1994

84 sider

Dette er tredje årsskriftet åt Bø lokalhistoriske arkiv og Bø Bygdemuseum. Denne gongen har Sina Sanda gjeve oss løyve til å prente noko av det ho, gjennom eit langt liv, har skrive: prologar, dikt til særskilde høve og innlegg i Samhug, det handskrivne bladet åt Bø Bondekvinnelag. Det er nok å ta av, og Sina har sjølv vore med på å velje det som skulle med i årsskriftet.

Sina – Jensine Halvorsdtr. Kleppen, er født 4.12.1902. Sina og fleire av syskena gjekk skulevegen. Sina tok eksamen ved Lærarskulen på Notodden i 1924. Etter nokre vikariat blei ho tilsett ved skular i heimbygda, lengste tida i Forberg og Sanda skulekrinsar.

I ungdomen var Sina med i Bø frilynde ungdomslag. Seinare melde ho seg inn i Bø Bondekvinnelag. Sina har vore ei drivande kraft i studie- og kursverksemda i bondekvinnelaget.

For alt kulturarbeidet ho har vore med på i bygda fekk ho kulturprisen til Bø sparebank.

Sina seier sjølv om dikta sine: «For meg har det vore ei glede å syne fram naturen og folkelivet slik som det var i det gamle Bøherad, og slik det er i dag».