Bø-kalenderen 2022

Kjøp
  • kr 100,00 NOK

Bø-kalenderen 2022 har stoff frå Skibygda Bø dei to første månadene, det var også utstillingstema i 2021. Olav Kåsa Lunden var den første kongepokalvinnaren i skiløp frå Bø, han var også fjellførar på Lifjell. Tvillingane Roalkvam kjende og Lifjell svært godt, Kjell var fotografen, og Tormod motivet. Det er bilde og tekst om gardane Brenne (framsida), Verpe, Hegna, Jønneberg, Ågetveit og bureisingsbruket Høystul. Eit gamalt bilde av familien på Nordigard Askildt kring 1868 er med. Det er stoff om Bø Hotell, spelemannen Sveinung Dalen, tømmertransport og skytebanen på Nordbøåsane.