Astrid + Steinodd = sant

Buy this
  • kr 290,00 NOK

Eitmusikkspel om Steinodd Folkestad fødd i 1340.

Laga av elevar og lærarar ved Bø ungdomskule.

2013

100 sider

I 1340 blei Steinodd Folkestad fødd i Bø i Telemark. Mange som driv med slektsgransking kjem tilbake til han. I Bø, i Telemark, landet elles, og til og med USA, er det mange etterkommarar etter Steinodd Folkestad. Han fekk sonen Eilif i 1370. Difor er Steinodd ein av dei få i Bø som me veit overlevde Svartedauden.

I denne boka og på CDen som ligg ved, presenterer me ei oppdikta historie om Steinodd og Astrid. Gjennom replikkar og songar møter me folk i Bø på 1300-talet.

Svartedauden er sentral. Me blir kjende med tru og overtru, Gygra, Muro og vesen dukkar opp. Dramaet og romantikken mellom Steinodd og Astrid går som ein raud tråd i forteljinga. Segner og lokalhistorie, folketonar og nykomponert musikk er fletta saman i musikkspelet som blei framført av elevar og lærarar ved Bø ungdomsskule 23. november 2011.